STUDIEBYGDA

Administrasjon, planlegging og leiing

Administrasjon, planlegging og leiing

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til både sakshandsamarar og leiarar i offentleg og privat sektor. Det er eit mål at plan- og utviklingsarbeid skal skje i samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar.

Studia gir aktuell og yrkesretta kompetanse gjennom teori og praksis.

Samfunnsvitskap: årsstudium
Planlegging og administrasjon: bachelorgrad
Samfunnsplanlegging og leiing: mastergrad
Alle studietilbod

Estetiske fag, kunst- og musikkfag

Estetiske fag, kunst- og musikkfag

Høgskulen i Volda har eit av dei breiaste kulturfagtilboda på bachelornivå i Noreg. Gjennom teori og praksis gir utdanningane utøvande kompetanse innan dei ulike fagområda.

Høgskulen har eige symfoniorkester og kor, ny teater- og konsertsal, profesjonelt musikkstudio, gode øvingslokale og ulike verkstader.

Drama/teater: årsstudium | bachelorgrad
Musikk: årsstudium | bachelorgrad
Kunst og handverk: årsstudium | bachelorgrad 
Alle studietilbod

Helse- og sosialfag

Helse- og sosialfag

Barnevernspedagogar og sosionomar må arbeide tett på menneske i alle slags situasjonar i livet. Dei er ettertrakta arbeidskraft i mange ulike yrkessamanhengar innanfor mellom anna helse- og sosialsektoren, offentleg forvaltning og humanitære organisasjonar.

Barnevernspedagogutdanning
Sosionomutdanning
Helse- og sosialfag: mastergrad | ph.d
Alle studietilbod

Historie og religion

Historie og religion

I ulike yrkessamanhengar er det behov for arbeidstakarar som har kunnskap og forståing for kva rolle historie, religion og kultur spelar i kvardagen.

Høgskulen i Volda tilbyr fleksible studium innanfor dette fagfeltet.

Historie: årsstudium | bachelorgrad
Religion, livssyn og etikk: årsstudium
Religion og livssyn: bachelorgrad
Kulturmøte: mastergrad
Mat, kosthald og helse: årsstudium
Alle studietilbod

Idrett og friluftsliv

Idrett og friluftsliv

Høgskulen i Volda har høg kompetanse og lang erfaring med å tilby utdanning i idrett og friluftsliv. Som student får du vere med på spanande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø.

Undervisninga foregår mellom anna i Sunnmørsalpane, i vakker fjordnatur og ute ved kysten. Høgskulen har også eigen undervisningsbase på Yksnøya.

Naturguideutdanning: årsstudium
Friluftsliv: årsstudium | bachelorgrad
Idrett: årsstudium | bachelorgrad
Alle studietilbod

Lærar- utdanning

Lærar- utdanning

Læraryrket er svært viktig i dagens samfunn og vil òg vere det i framtida. Skal norske elevar lære, treng dei engasjerte og dyktige lærarar.

Høgskulen i Volda har utdanna lærarar i over 150 år, og har i dag eit breitt tilbod innanfor lærarutdanningar. Som lærar vil du vere attraktiv på arbeidsmarknaden.

Barnehagelærarutdanning: bachelorgrad
Kunst og handverk: bachelorgrad
Grunnskulelærar: 1. - 7. årssteg | 5. - 10. årssteg
Praktisk-pedagogisk utdanning allmennfag: årsstudium
Undervisning og læring, spesialisering i spesialpedagogikk, matematikk eller norsk: mastergrad
Vidareutdanning
Alle studietilbod

Medie- og journalistfag

Medie- og journalistfag

Høgskulen i Volda tilbyr ei av landets leiande journalistutdanningar, og har utdanna fagfolk til den norske mediebransjen sidan 1971. Utdanningane har jobbrelevante interne og eksterne prosjekt- og praksisordningar.

Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa i Noreg og i utlandet.

Mediekunnskap: årsstudium
Media, IKT og design: bachelorgrad
Animasjon: bachelorgrad
Pr, kommunikasjon og media: bachelorgrad
Journalistikk, spesialisering avis/nett: bachelorgrad
Journalistikk, spesialisering TV/radio: bachelorgrad
Dokumentar og journalistikk: mastergrad
Alle studietilbod

Språk og litteratur

Språk og litteratur

Det er stort behov for språk- og tekstkompetanse både i offentleg og privat sektor. Høgskulen i Volda har eit fleksibelt studietilbod innanfor språk og litteratur, både på bachelor- og masternivå.

Som einaste i landet tilbyr høgskulen Master i nynorsk skriftkultur.

Norsk (nordisk): årsstudium
Engelsk: årsstudium
Språk og litteratur: bachelorgrad
Nynorsk skriftkultur: mastergrad
Alle studietilbod

Vidare- utdanning / nettstudium

Vidare- utdanning / nettstudium

Med om lag 1000 nettstudentar er Høgskulen i Volda blant landets største tilbydarar av nettstudium! Høgskulen arbeider kontinuerleg med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. Fleksible studieformer gjer det mogleg for deg å kombinere studium og arbeid eller studium og andre aktivitetar.

Vidareutdanningar og fleksible studium (nett- og samlingsbasert):

Lærarutdanning
Medie- og journalistfag
Historie- og religion
Administrasjon, planlegging og leiing
Estetiske fag, kunst og handverk
Helse- og sosialfag
Idrett og friluftsliv
Språk og litteratur

Studentliv

Studentliv

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open-Mic, disko og konsertar med nokre av dei beste artistane i landet. Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Velkommen til Studiebygda!

Utveksling

Utveksling

Å reise på utveksling gir ei unik moglegheit til å bu ei lengre periode i utlandet.

Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land, og studentar ved bachelor- og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet.

Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg.

Ei oppleving for livet!

Kontakt
oss!

Kontakt
oss!

Har du spørsmål om våre utdanningar, eller lurer du på korleis det er å bu i Volda? Ta gjerne kontakt med ein av våre studentambassadørar, eller prøv deg som student for ein dag.

For informasjon om søking og opptak:
Tlf. 700 75 018
E-post: sok@hivolda.no

Høgskulen i Volda
Postboks 500, 6101 Volda
Telefon: 70 07 50 00
E-post: postmottak@hivolda.no

Meir informasjon